KULTURPRISEN 2011, LESJA KOMMUNE
06.02.2012
Marit Trelvik, Jon Nørstebø og Bjørn Inge Brandlistuen har gjennom fleire år lagt ned ein solid innsats for fotballivet i bygda. Gjennom sin innsats har dei fått på plass grasbaner i Lesja som gjev kjempefine forhold for utøvere i alle aldre.
Fotball for aldersbestemte lag står sterkt i Lesja, og eit av dei viktigaste bidraga til dette er dei flotte treningsforhalda vi har.
Søndag 19. februar mottek Marit Trelvik, Jon Nørstebø og Bjørn Inge Brandlistuen Lesjas kulturpris 2011 for denne innsatsen. Kulturprisen blir gjeve til lag eller enkeltpersonar som siste år eller over tid har gjort en særlig positiv innsats innan kulturlivet i Lesja kommune.
Prisen deles ut av Ordførar Steinar Tronhus, i forbindelse med ein fortballcup som Lesja IL arrangerer. Overrekkinga finn stad i Kulturhuset på Lesja, kl 17.00 – dørene åpnes kl. 16.45. Det vil bli innslag med musikk. Gratis inngang og servering. Alle er velkomne.
Erik Slettahaug
Oppvekstkontoret, Lesja kommune
Tlf: 61 24 41 00
Publisert av: Martin Vorkinn