Kommunes viktigaste oppgave er å yte tenester til innbyggarane
frå fødsel og til siste slutt, og til dette krevs det ulik fagkunnskap og mange ulike stillingar, f.eks heimehjelp, leger, assistentar, førskulelærarar, vaktmeistrar, hjelpepleiarar, sjukepleiarar, landbruksvikarar, ingeniørar, sekretærar, sakbehandlarar m.fl.
- Det er to barne- og ungdomsskoler, Lesja og Lesjaskog og begge skolene har svømmebasseng.
- Det er barnehagetilbud på Lesjaskog, Lesja og i Kjøremgrenda.
- Eldreomsorga er basert på åpen omsorg, dvs. hjelp etter behov. Det er tilrettelagt for at folk skal få bu heime så lenge som muleg.
- Lesja har i dag 28 sjukeheimsplasser, av desse er seks på skjerma avdeling. I tillegg har sjukeheimen ein akuttplass og ei korttidsleileghiet. Fysioterapien er også plassert på sjukeheimen.
- Like ved Lesja sjukeheim ligg Lesjatun der det er 15 trygdeleilegheiter og eit felleshus/servicebygg.
- Nord i bygda, på Lesjaskog, ligg Eldres senter med 12 leilegheiter og tre korttidsrom. På Eldres senter er det også legekontor, helsestasjon og lokaler for fysioterapi.
- Lesja har bufellesskap for psykisk utviklingshemma, Skoglund/Bekkefaret. Dette bufelles-skapet ligg på Lesjaskog, like ved Eldres senter. Ei rekke aktivititar for brukarane, er lokalisert til Hanslykkja dagaktivitetssenter som ligg i Lesja sentrum.
- I kommunen sine administrasjonsbygg som ligg i Lesja sentrum er det legekontor, helsestasjon, jordmortjeneste Pedagosisk-Psykologisk teneste, bibliotek, kyrkjekontor og postkontor. I tillegg er dei fleste kommunale kontora lokalisert her.